Javascript disabled

You must have JavaScript enabled to utilize the full functionality of this website.

Faktor 10 delprosjekt ’Miljøstyring’: Miljø- og ressursstatus i kontorverksemder

Resultatrapport

Denne rapporten dokumenterer arbeidet som er gjort i delprosjektet ‘Faktor 10 Miljøstyring’ under
hovudprosjektet ”Radikale miljøinnovasjoner i kontorsektoren” (Faktor 10 kontor). Tilsaman deltok 81
personar fordelt på 9 bedrifter.

Det er stor variasjon på kor stort areal bedriftene har; frå 19 til 44 m2/årsverk. Berre 1 av 8 bedrifter
rapporterer om underkapasitet på kontorplassar, og 3 av 8 bedrifter har overkapasitet. Det viser seg også at
dei kontorarbeidsplassane som ’er i bruk’ står ledig store delar av tida; frå 25% til 67% på bedriftsnivå. Det
bør altså vere muleg med stor grad av kontordeling dersom ein legg til rette for dette.
Jobbreisene ligg mellom 1.000 og 62.000 km/årsverk, med eit snitt på 14.000 km/årsverk. Det er flyreiser
som dominerer jobbreisene, med bilreiser på andreplass. Reiser til og frå jobb varierer frå 600 til nesten
12.000 km/årsverk, med eit snitt på i overkant av 7.000 km/årsverk. Her er det bilen som dominerer, deretter
følger tog/T-bane.

Det viste seg å vere vanskeleg å kartlegge energiforbruk i bedriftene. Fleire bedrifter hadde ikkje oversikt
over kor mykje energi dei bruker på oppvarming/ventilasjon/kjøling, det var arbeidskrevande å skaffe data på
dette og bedriftene mangla ofte eigne målarar. Her er det eit stort potensial for forbetring.
aren inkludert er snittet på 8.000 km/årsverk.
Det var også vanskeleg å få inn data for innkjøpsverdi av miljømerka produkt.

I utgangspunktet skulle kartlegginga berre omhandle aktivitetar med negativ miljøeffekt, men det kom
ganske raskt kommentarar frå deltakarane om at dei gjerne ville ha loggført gange og sykling også. I tillegg
bestemte fleire av bedriftene seg for å gjere alvor av tiltak dei ’hadde planlagt lenge’, slik som å kjøpe grønn
elektrisitet og rettferdig kaffe. Dette viser at deltakarane fort blir engasjert når dei blir målt.

Last ned PDF