Javascript disabled

You must have JavaScript enabled to utilize the full functionality of this website.

Rapport frå gang- og sykkeltelling i Nedre Glomma 2005

I 1993 vart det gjennomført ei gang- og sykkeltelling i Sarpsborg og Fredrikstad. Tellinga vart administrert av Statens vegvesen. Årets telling er gjennomført på tilsvarande måte, både for å kunne vurdere utviklinga og etablere eit godt målesystem for kontinuerleg oppfølging av strategiar og mål gitt i ATPNG.

Det er stor forskjell på utviklinga i Fredrikstad og Sarpsborg. Dette gjeld både for gange og sykling. Antalet som går i Sarpsborg har auka eindel (37%) sidan 1993, medan det i Fredrikstad har auka svært mykje (240%). I Sarpsborg har sykkeltrafikken minka til halvparten medan den ligg stabil i Fredrikstad. Desse utviklingstrekka gjeld også for dei fleste enkeltpunkta som er med i tellinga.

Eitt punkt skil seg ut frå dei andre, nemleg Vesterelva. Dette er trafikken mellom Kråkerøy og sentrum i Fredrikstad, på gangbru og bilbru. Her har antalet som går auka frå rundt 330 per dag til over 2000, dvs. gangtrafikken er 6 gonger større enn for 12 år sidan. Gangtrafikken over bilbrua er nesten dobla sidan 1993, og i tillegg kjem all den nye trafikken over gangbrua. 1/3 bruker bilbrua når dei går medan 2/3 bruker gangbrua.

Last ned PDF