Forebyggende miljøvern:
Klimaregnskap for Borregaard
Østfoldforskning skal beregne klimautsleppa for produkta cellulose, etanol, lignin og vanillin som blir produsert ved Borregaard i Sarpsborg.
Borregaard ønsker å profilere seg i forhold til klimautfordringane, og vil difor beregne klimautsleppa gjennom livsløpet for produkta sine.
Østfoldforskning har lang erfaring med å gjennomføre denne typen prosjekt, og har også erfaringsgrunnlag knytta til miljøvurdering av biomasse og bioenergi. Prosjektet vil bli gjennomført som ein vogge-til-port-analyse, som betyr at alle oppstraumsprosessar og prosessane som foregår på Borregaard vil bli inkludert. Datagrunnlaget vil i stor grad vere frå Borregaard sine eigne aktivitetar, med basis i material- og energistraumar gjennom prosessanlegga. Østfoldforskning vil bruke generelle data frå våre internasjonale databasar når det gjeld utslepp frå energibruk, transport og produksjon av innkjøpte kjemikaliar.
Prosjektet vil bli gjennomført med basis i metodikk knytta til livsløpsvurderingar, og metodar som er internasjonalt standardisert etter ISO 14040-48.