Du er her: // Prosjekter > Livsløpsanalyse av CO2-deponering - fase 2

Forebyggende miljøvern:

Livsløpsanalyse av CO2-deponering - fase 2

Interessante funn ved analyse av eit tenkt gasskraftverk med CO2-fangst på Tjeldbergodden har ført til at StatoilHydro ønsker å utvide prosjektet med ein fase 2.

I løpet av hausten 2007 og våren 2008 gjennomførte Østfoldforskning ein livsløpsanalyse av eit tenkt gasskraftverk med CO2-fangst og -lagring, der naturgass frå Heidrun-feltet skulle brukast i eit framtidig kraftverk på Tjeldbergodden. Renseanlegget var planlagt basert på amin-absorbsion av CO2 frå røykgassen, og etter renseanlegget skulle CO2 transporterast 150 km i rør og deponerast. Analysen samanlikna dette systemet med eit case utan CO2-fangst.

Resultata viste seg å vere så interessante at StatoilHydro har bestemt seg for å utvide prosjektet. Målet med fase 2 er å analysere korleis ulike scenariar for produksjon av damp til regenerering av amin påverkar sluttresultatet. Dei scenaria som skal analyserast er bl.a. bruk av bioenergi i ein separat dampkjel og avtapping av damp frå turbinane i kraftverket.

Rapportering frå både fase 1 og 2 vil skje etter at fase 2 er ferdig. Analysen vil fokusere på drivhuseffekt, forsuring, overgjødsling, fotokjemisk oksidantdanning og total energibruk, og alle resultata vil bli presentert per kWh levert elektrisitet. 
Prosjektleder og kontaktperson:
Ingunn Saur Modahl
Forskningsområde:
Energi og avfallsressurser
Varighet: August 2008 - April 2009
Prosjektmedarbeidere:
Cecilia Askham, Hanne Lerche Raadal
Samarbeidspartnere:
Oppdragsgiver:
StatoilHydr
Finansiør:
StatoilHydro,
Prosjektnummer: 1234
Relaterte publikasjoner:

Østfoldforskning AS, Postadresse: Gamle Beddingv. 2B, 1671 Kråkerøy, Tlf.: +47 69 35 11 00, Fax: +47 69 34 24 94
Org.nr.: 989 861 751, Bankkonto: 6120.05.70803.
E-post: firmapost(at)ostfoldforskning.no. Ansvarlig redaktør: Trond Edvardsen

CMS: InCreo / Design: Griff Design