Forebyggende miljøvern:
Livsløpsanalyse av CO2-deponering
Debatten om CO2-rensing og deponering har til no vore teknologi- og økonomifokusert, og eit miljøregnskap for eit reelt norsk case har ikkje vore tilgjengeleg. Difor ønska Statoil å gjennomføre ei livsløpsanalyse (LCA) av eit muleg framtidig case på Tjeldbergodden.
Tjeldbergodden. Foto: Statoil
Statoil har i mange år jobba med utvikling av teknologi og prosessar for å møte klimautfordringa i samband med utvinning og bruk av fossil-baserte energibærarar. Eit prosjekt som har vore mykje i media dei seinare åra er "CO2-fritt gasskraftverk på Tjeldbergodden". Debatten om CO2-rensing og deponering har hittil vore teknologi- og økonomifokusert, og eit miljøregnskap for eit reelt norsk case har ikkje vore tilgjengeleg. Difor ønska Statoil å gjennomføre ei livsløpsanalyse (LCA) av eit muleg framtidig case på Tjeldbergodden.
Eit lagringssystem for CO2 kan ha fleire funksjonar, for eksempel:
- Produksjon av X TWh elektrisitet
- CO2-deponering av Y millionar tonn CO2
- Z millionar tonn auka oljeproduksjon pga trykkstøtte frå CO2
Det skal gjennomførast ein analyse at eit forenkla system med CO2-deponering, men utan trykkstøtte-effektar, der naturgass frå Heidrun-feltet skal brukast i kraftverket. Renseanlegget skal baserast på amin-absorbsion av CO2 frå røykgassen. Etter renseanlegget skal CO2 transporterast 150 km i rør og deponerast på Draugen-feltet. Analysen skal samanliknast med eit case utan CO2-deponering. Det skal også gjennomførast ei vurdering av mulege kjemikaliar for bruk i CO2-renseprosessen i samband med nye krav frå REACH-direktivet i EU.
Analysen skal enkelt kunne utvidast til scenarietesting seinare (for eksempel trykkstøtte-effektar). Studien vil vere eit viktig grunnlag for vidare strategiske analysar for Statoil.