Forebyggende miljøvern:
Miljøvurdering av produkt frå Borregaard - fase 2
Østfoldforskning har utforma klimaregnskap for Borregaard sine produkt, og no ønsker dei å utvide analysen og utforme miljødeklarasjonar (EPD) av produkta. Det er også aktuelt å søke om svanemerking.
I løpet av våren 2008 beregna Østfoldforskning klimagassutsleppa for produkta cellulose, etanol, lignin og vanillin som blir produsert ved Borregaard i Sarpsborg. Prosjektet var basert på ein vogge-til-port-analyse, som betyr at alle oppstraumsprosessar og prosessane som foregår på Borregaard var inkludert.
Resultata viste seg å vere så nyttige at Borregaard har bestemt seg for å utvide prosjektet. Målet med fase 2 er blant anna å inkludere alle utslepp til luft, jord og vatn, slik at det blir muleg å utarbeide miljødeklarasjonar (EPD-ar) og svanemerking. Resultata vil også kunne brukast til uforming av strategiar når det gjeld energibruk og produktsatsing.